historien OM OSS


Kokken Martha og konditor Vilde starta opp delikatessebutikk, lunsjbar og konditori 17.juli 2020. Vi er mor og dotter, som lenge har snakka om at vi ville starte eige verksemd. Så kom pandemien, og vi fekk litt ekstra tid og Vilde kunne ikkje lenger jobbe i Oslo. Eit kort svangerskap, frå januar til juli, 7 mnd med planlegging, oppussing og førebuingar, og «so hoppa vi idet». Med god hjelp frå vener og familie ble MAT so klart ein realitet.

Hjå MAT so klart får du alt frå søte delikatesser til ostar og sjømat.

I disken vår finn du alltid smakfulle kaker, konfekt og sjokolade frå konditor Vilde. Du bør smake Vilde sine konfektkuler med salt karamell, sjokolademousskaka med bringebær eller den fantastiske sitronterta.

I ostedisken har vi lokale produsentar som Himmelspannet, Rueslåtten, Prestholt, Hamarsbøen, men også nasjonale produsentar som Tingvollost, Munkeby, Stavanger ysteri, Undredal, Eiker gardsysteri og Tine. Ein og anna «utlending» har vi også funne plass til.

Vi tilbyr og fersk sjømat, og mot helg fyller vi opp med ferske skalldyr. Skalldyrsuppa  er blitt vår bestselger av ferdigrettar.I disken vår finn du og ferdige middagsrettar som berre er å varme opp. I hyllene våre finn du godsaker frå inn og utland.

Du finn oss i «Persgata», og adressa er Dalevegen 2.

VILDE

Vilde er utdanna konditor ved ZBC Ringsted, Danmark og hadde læretid si på Naustdal dampbakeri AS. Ho var med på sin fyste konkurranse på hausen 2014. MN for ung konditor, der ho fekk 1.plass. Konkuransen gav meirsmak og frå 2017 – 2019 var ho utøvar på Det norske baker- og konditorlandslaget, som konditor. Der fekk Vilde vere med å representere Norge ved heile tre anledningar. Nordic pastry cup i 2017 og 2019. Og VM for unge konditor i 2018, kor ho tok ein imponerande 5 plass. Åra på landslaget var spennande og lærerike. I 2020 vart Vilde lagtrenar for konditorane på landslaget. Vilde jobba på restaurant Vaaghals på Bar Code i Oslo før ho flytta attende til Gol. På Vaaghals hadde ho ansvar for alt det søte som blei servert og oppfølging av lærlingane. I dag er Vilde konditorsjef på MAT so klart, ansvarleg for lærling og dagleg drift i butikk og kafe.

MARTHA

Martha er utannda kokk frå kokkelinja på Førde Husstellfagskule, og læretid på Sunnfjord hotell og Pers hotell. Jobberfaring som kokk på Pers hotell, Gol helsetun, ferskvaresjef Coop Mega, kjøkkensjef, Hallingdal folkehøgskule, bestyrer/kokk på Vesle Skaugum (Golsfjellet), faglærar på restaurant og matfag Gol vgs. No kombinerer ho jobb som spesialpedagog på Gol vgs med dagleg drift av MAT so klart.